Glittertind "Sundriven" lyrics

Sundriven

Månen ligg over myr og mo.- Hei, hå, min sang er grå!Andre folk dei søv i ro.- For enno susar vindane, dei klagar,tunglyndt, myrkt over skogklædd koll.

Havet brusar med sukk og skval.- Hei, hå, min sang er grå!Hylar åt meg ein kald koral.- For enno susar vindane, dei jagar,tunglyndt, myrkt over skogklædd koll.

Sundriven og halt, blåsvart, utan håp,sviande minner åt meg slær.Å, kan du høyra meg,kjære jenta mi?Trøytna, stiv og tung,eg segne ner.

Månen slørd oppi skyen stend.- Hei, hå, min sang er grå!Blaknar no om bø og grend.- For enno susar vindane, dei jagar,tunglyndt, myrkt over skogklædd koll.

Skyer, svarte, i veste stig.- Hei, hå, min sang er grå!Flaksande, gjennom natti sig.- For enno susar vindane, dei jagar,tunglyndt, myrkt over skogklædd koll.

Sundriven og halt, blåsvart, utan håp,sviande minner åt meg slær.Å, kan du høyra meg,kjære jenta mi?Trøytna, stiv og tung,eg segne ner.

Here one can find the lyrics of the song Sundriven by Glittertind. Or Sundriven poem lyrics. Glittertind Sundriven text.