No ser eg atter slike fjell og dalar
No ser eg atter slike fjell og dalar,som dei eg i min fyrste ungdom sågOg same vind den heite panna svalar,og gullet ligg på snø som før det lågDet er eit barnemål som til meg talar,og gjer meg tankefull men endå fjågMed ungdomsminne er den tala blandaDet strøymer på meg så eg knapt kan anda
Ja, livet strøymer på meg som det strøymdeNår under snø eg såg det grøne strå.Eg drøymer no som før eg alltid drøymde,når slike fjell eg såg lufti blå.Eg gløymer dagsens strid som før eg gløymde,når eg mot kveld av sol ein glimt fekk sjåEg finner vel eit hus som vil meg hysa,når soli heim til natti vil meg lysa