Glittertind "Mot myrke vetteren" letra

Mot myrke vetteren

Velkomen atter hit til våre grender,velkomen her, du sæle sumarkveld,med lauv og gras utyver alle strenderog gule blomar i den grøne feld,med lette småsky, lagd i lange rendersom trådar i det høge himmeltjeld,og med den milde ljossken, som seg breiderutyver fjell og fjord på alle leider.

Den siste solblenk er i havet sokken,den fyrste kjem snart or den låge grop,ein dag er tendrad, fyrr enn hin er slokken,og kveld og morgon renna heilt ihop.Snart vaknar upp den kvilde fugleflokkenog helsar morgonen med glederop.So riser soli til den lange svingenog set ein annan let på heile kringen.

Kom, lat oss nøyta tidi, som ho skrider,og minnast, at ho skrider ofsa fort.Med kvar ein dag, med kvar ein kveld, som lider,eit stig mot myrke vetteren er gjort.Det kjem ein dag, då kvar ein blom, som bider,er fallen av, og slikt eit fall er stort.Di skal eg sjå på blomen, fyrr han blaknar,og nøyta sumar'n, fyrr eg honom saknar.

Aquí se puede encontrar la letra de la canción Mot myrke vetteren de Glittertind. O la letra del poema Mot myrke vetteren. Glittertind Mot myrke vetteren texto.