Glittertind "Flaumen går, I Noreg er vår" letra

Traducción al:en

Flaumen går, I Noreg er vår

Flaumen går,I Noreg er vår,Bjørka sprett i dalom.DølakarTraust og hardRydjer ferdregard.Sjå kor det losnar i alle liom,Skreda fer etter bergesidom.Flaumen går,I Noreg er vår,Og dølan' er det som rår.

Frå fjellet rinnEin bekk så linnMellom stuv og steinar.Av bekker småDet vert ei åFagrast du skal sjåHøyr kor det i vatnet susar,Høyr kor det i fossen brusar!Flaumen går,I Noreg er vår,Og dølan' er det som rår.

Lita åKan du forståKor ho fekk slikt mæle?Bekk som rannEr vaksen mann.Stans han, om du kan.Ingen mann kan straumen vende.Tømmer og hus det set han på ende.Flaumen går,I Noreg er vår,Og dølan' er det som rår.

Bykar stramPå gata går fram,Trur han skal oss lære.Men ikkje egFær støkk av deg,Sjølv eg rår min veg.Bøndan' er ikkje lenger mjuke,Husbondsretten, han vil me bruke.Retten er vår,Skulda er dårÀ… lyde Noregs kår.

Om seint me kjem,Så er det med klem.Me vil garden rydja.Bondemål,Kvast som stål,Gjev ikkje lenger tol.Norsk mål vil me i Noreg hava,Ikkje lenger med dansken kava.Bondemål,Kvast som stål,Gjev ikkje lenger tol.

Blankt som gullOg mjukt som ullEr det norske målet.Som sol på fjell,Som blome-tjeld,Som fuglesong om kveld.Tusen års rot det hev i landet,Tusen år til så skal det stande.Flaumen går,I Noreg er vår,Og dølan' er det som rår.

Sumar-solSkin på jord,Så jonsok-blomen laver!Læt frå kollLur over voll,Og dølan' slær på skjold.Av skal ho hivast lurve-hetta!Gullhjelm lyser i morgon-gletta.Læt frå kollLur over voll,Og dølan' slær på skjold.

Haralds verkFjellbonde sterkGjer no andre gongen.Gamalt grjotAv kjemperotEndå hev manndom og mot.Kome alle, ver med på ferda,Så skal det spørjast i vide verda,At Noregs mannGjekk på og vannAtter sitt eige land.

Aquí se puede encontrar la letra de la canción Flaumen går, I Noreg er vår de Glittertind. O la letra del poema Flaumen går, I Noreg er vår. Glittertind Flaumen går, I Noreg er vår texto. También se puede conocer por título Flaumen gar I Noreg er var (Glittertind) texto.