Folque "Eg Vil Ingjen Spelemann Ha" paroles

Traduction vers:en

Eg Vil Ingjen Spelemann Ha

Eg vil ingjen spelemann ha,for eg kan ikkje dansa;Eg vil meg ein skreddar ha,som søyma fine kransa.

Eg vil ingjen skreddar ha,då må eg pressa kluta;Eg vil meg ein slaktar ha,så får eg fine stuta.

Eg vil ingjen slaktar ha,då må eg skrape tarma;Eg vil meg ein bryggjarmann ha,så får eg øl i kanna.

Eg vil ingjen bryggjarmann ha,då lyt eg skylje tynner;Eg vil meg ein prestemann ha,som skrifta meg frå synder.

Eg vil ingjen prestemann ha,for eg har ingjen synder;Eg vil meg ein snikkar ha,så får eg nye sengjer.

Eg vil ingjen snikkar ha,då må eg slipe høvla;Eg vil meg ein skomakar ha,så får eg nye støvla.

Eg vil ingjen skomakar ha,for han har bek på finge;Eg vil meg ein gullsmed ha,så får eg ring på finge.

Og medan nær han står upp,da står han ved mi side;Krusar upp mi gule lokk:"statt upp mi vesle pike."

Eg er så lystig og så glad,nå har eg kjærest funne;Eg håpar og eg vonar det,at eg har spelet vunne.

Ici on peut trouver les paroles de la chanson Eg Vil Ingjen Spelemann Ha de Folque. Ou les paroles du poème Eg Vil Ingjen Spelemann Ha. Folque Eg Vil Ingjen Spelemann Ha texte.