Knut liten og Sylvelin
Kongjen og Knut Liten dei sat ivi bord,- IseliljaDei tala så mange dei skjemtande ord.- Så såre syrgjer Sylvelinn fyr lisle Knut i Løyndom
"Høyrer du Knut liten, hot eg spør`e deg:lyster du skifte dei folar med meg?"
"Ja, skò eg skifte dei folar med deg:Så vil eg hava dotter di i bytte, eg"
"Skò kje mi dotter bli be`re gift,hell ho skò gange i hesteskift."
Knut liten seg reiser frå kongjens bord:"Å visseleg skò eg hevne dei ord!"
Han klappa på dynni med hanskar på hand:"Du kjenner vel Knut liten, din festarmann?"
"Her sit´e du kongje drikk`e mjød og vin,Knut liten han søv`e med dotteri di."
Kongjen let ropa ivi heile sin gård:"Kle dikkon, hovmenn, i brynjune blå."
Knut liten hoggje til han gjordest mod,til blodet det sto ivi sylspente sko.
Knut liten han kom seg ri`and i gård,kongjen ute fyr honom står.
"Knut liten, du stiller ditt sylvbugne sverd,eg gjeve deg mi dotter, du er henne verd."